Vigsel
Alle er velkomne til å gifte seg i våre fem kyrkjer.

I ein kyrkjeleg vigsel er det rom for de og dykkar kjærleik for kvarandre. I eit vakkert kyrkjerom, med musikk og tekster som rører gjev de løfte om å elske og ære kvarandre.
De kan velje bryllaup med storslått fest og mange gjestar, eller eit minimalistisk bryllaup i joggesko, med berre forlovarar og prest til stades. Bryllaup er ei stor feiring av kjærleiken - uansett.
De finn dagar me har opna opp for vigsel ved å gå inn på ny registrering.
For å ha ei ordna teneste for tilsette er det rammer for når me kan ha vigsel.
Finn de ikkje ein dag som passer, ta kontakt med kyrkjekontoret for å høyre om me kan finne ein dag og ei tid som passer.