Ny klassisk festival i Setesdal


"Klassisk i Setesdal" er ein ny kyrkjemusikkfestival i Valle og Bykle 13.-16. august 2020.

 

Det er ei stor glede å kunne presentere ein ny festival med klassisk musikk og kyrkjemusikk i Setesdal! Dei siste somrane har det vore arrangera ein serie med sommarkonsertar i kyrkjene i Valle og Bykle, men i år er desse konsertane samla på ein langhelg – som ein liten festival. Vi håpar at både lokale, hyttefolk og turistar som likar klassisk musikk og kyrkjemusikk vil nytte denne sjansen til å få høyre flott musikk med flinke musikarar i vakre omgjevnader.

Festivalen vert skipa til i dagane frå torsdag 13. til sundag 16. august. Opningskonserten er i Valle kyrkje med Kåre Nordstoga, domorganist i Oslo, som blant anna spelar nokre av sine egne folketonepreludium. Fredag kjem Fjære kammerkor til Bykle kyrkje med organist Andrea Maini som dirigent. Laurdag får vi oppleve Kristiansand Sinfonietta i Valle kyrkje. Dei skal m.a. framføre Joseph Haydns «Jesu sju siste ord på korset». Seinare same kvelden har cellist Jasper Havelaar ein solokonsert der to av Bachs cellosuiter stend på programmet. Festivalen sluttar sundag med ein stor konsert i Bykle kyrkje der ein gruppe av musikarar frå Kristiansand Symfoniorkester skal framføre m.a. Carl Nielsens Blåsarkvintett. På denne konserten vert det òg ein markering av 250-årsdagen for Ludwig van Beethoven med hans store Septet i Ess-dur for strykere og blåsere.

Festivalen vert gjennomført under omsyn til gjeldande korona-restriksjonar. Difor er det òg berre ei avgrensa mengd billettar som er lagde ut for sal. Vi oppmodar alle om å kjøpe billett på førehand. Det er berre mogleg å kjøpe eit festivalpass som gjeld for alle fem konsertar. Dersom det er ledig kapasitet, vil det vere mogleg å kjøpe enkeltbillettar i døra før konsertane.

Her kan du kjøpe festivalpass (750 kr.).

Festivalen vert arrangera av Den norske kyrkja i Bykle, Valle og Hylestad i samarbeid med ei rekkje sponsorar og samarbeidspartnarar, m.a. Valle Sparebank og Sparebanken Sør som er hovudsponsorar.

Meir informasjon om festivalen finnast på Facebook-sida «Klassisk i Setesdal».

Kontakt: organist Henrik West, mob. 907 48 168, epost: organist@bykle.kyrkja.no

 

Tilbake