Konsertar


Kyrkja i Bykle, Valle og Hylestad har ei lang tradisjon for å skipe til konsertar, og dette er noko vi ser som ein viktig del av vår verksemd. Konsertane er med på å realisere kyrkja sitt kulturoppdrag, og samstundes gjer dei kyrkja synleg og tilgjengeleg på ein annan måte enn gudstenestene.

 

Kvart år arrangerast det rundt 20-25 konsertar av ulike slag i kyrkjene i Bykle, Valle og Hylestad. Vi har ein intensjon om at det skal vera eit breitt tilbod med konsertar i ulike sjangrar for både gamle og unge, lokale og turistar. Her er det konsertar med orgelmusikk, folketonar, kormusikk, country-gospel og mykje anna.

Informasjon om komande konsertar finn du i kalenderen. Du kan òg finna informasjon om våre konsertar på Facebook-sida vår.

Et årleg høgdepunkt er sommarkonsertane. Informasjon om desse finn du på Facebook-sida «Klassisk i Setesdal».

Har du spursmål om konsertar, eller ynskjer du å halde konsert hjå oss, tak gjerne kontakt til organist Henrik West (sjå «Kontakt»).

Tilbake