Bykle, Valle og Hylestad > Kontakt > Artikler > Artikkeldetaljer


«Eg drar herifrå fylt av takksemd!»


Biskop Stein Reinertsen sine eigne ord talar for seg sjølve. Kyrkjeleiaren i Agder og Telemark tok del i eit rikhaldig program, då det vart gjennomførd bispevisitas i Bykle, Valle og Hylestad.

 

Stavkyrkjemodellen vart vist fram for biskopen til stor begeistring. På biletet (f.v.): Knut H. Rysstad (bakerst), prost Rune Stormark, Leonhard Jansen, Øyvind Jacob, Marton Laksesvela, sokneprest Toralv Frøysaa Lie og biskop Stein Reinertsen.


8. september ynskte prost Rune Stormark forsamlinga velkommen til visitasveke, då tilsette, leiinga i båe sokneråd, og biskopen si delegasjon vart samla til frukost på Sølvgarden på Rysstad. Setesdølen var òg tilstades her. Dette vart eit godt samlingspunkt før visitasen fortsatte med forskjellige menneskemøte gjennom veka.

 

Sau, skoter og stavkyrkje

Frå Sølvgarden gjekk vegen ned til Helle, der biskopen møtte sauebonde Tor Espen Helle saman med nabobøndene Egil Åmlid og Stein Straume. Det aller fyrste som hende der, var at Sigrid K. Jore song «Den ville sauen». Ein gripande augneblink, som satte tona for heile veka. Møtet med sauebøndene var lærerikt. Her fekk ein høyre mykje om kva utfordringar sauenæringa står i, samstundes som ein óg fekk smake på nydelege delikatessar som bøndene kunne servere.

Vidare gjekk turen for bispen opp til Valle ungdomsskule, der han møtte elevar som hadde mange spørsmål. Om kva han tente, om han si trushistorie, og sjølvsagt om han nokon gong hadde køyrd snøskoter. Biskopen vart imponert over ein godt førebudd gjeng med nysgjerrige ungdommar.

I ein visitas møter allstøtt biskopen leiinga i kommunen. På tysdag var det møte med ordførar, varaordførar, kommunedirektør og øvrig leiing i Valle kommune. Det vart eit fint møte, der ein fekk snakka om relasjonen mellom kyrkje og kommune, kva rolle kyrkja kan spele i lokalsamfunnet, og korleis kommunen kan byggje opp under ho. Ein fekk òg sjå den flotte modellen av stavkyrkja som er planlagd byggja på Bjugsbakk på Rysstad.

 

Bedehus, Bergtun og basar

Biskopen er oppteken av kyrkja sitt forhald til andre kyrkjesamfunn og bedehus. Difor vart det fint at representantar frå dei lokale bedehusa og andre kyrkjelydene i Bykle, Valle og Hylestad hadde eit møte på kyrkjekontoret. Her var det godt å kunne tale opent om kor me er som kristne, og kva me kan ha felles. Trass ting som skiljer, var det godt å kunne avslutte med den bøna som Jesus lærte oss; Fadervår.

Etter dette vart det middag med Valle og Hylestad sokneråd på Bergtun, kor latteren satt laust. Soknerådet hadde det så løgleg i lag med biskopen at dei mest gløymde vekk klokka. Då døyrene opna for kulturkveld i kyrkjestoga, var dei ikkje nokon stad å sjå. Til slutt kom dei, og då fekk dei sjå at valldølane og hylstringane hadde møtt opp i store tal for å få med seg denne hendinga. Heilt fullt var det, og vel så det.

På kulturkvelden fekk me oppleve alt som Valle og Hylestad har å by på av kulturliv blant born og unge. Leikarringen og kulturskulen deltok, og det same gjorde Skotergutan som spela munnharpe til stor applaus frå dei frammøtte. Konfirmantane rigga til utlodding til inntekt for misjonsprosjektet, og det var eit digert kakebord som vart maltraktert av mange gode kakespisarar. Og me har jo byrja å få ei vane i Valle, når me samlast til basar og kaker, at det er «laiv»-musikk med strykarar og piano. Meir ekstravagant kan det vel ikkje verta? Tusen takk til Kristine Kleiveland (programleiar), Anna Slaby Driel og Maija Lindaas (kulturskulen) og Åse Mari Solbakk, Sigrid B. Berg og Daniel Sandén-Warg (leikarringen) for deira flotte bidrag til kvelden!

Etter den særs vellukka kulturkvelden, hadde Bykle sokneråd teke turen ned for å møte biskopen. Dei hadde eit fint møte på kyrkjekontoret i Valle, der dei tala om kva dei er opptekne av. Då dei var ferdige med møtet, reiste biskopen til Oslo for å fylgje i kong Harald si gravferd, dagen etter.

 

Ein noko annleis onsdag

Når biskopen ikkje er tilstades, kallast det ikkje heller for visitas. Difor vart programmet litt annleis, onsdag 9. september. Likevel, prost Rune Stormark og kyrkjefagsjef Trine H. Syvertsen tok del i programmet som var førebudd. Dagen byrja med «Kyrkjeverja si frukost» på Sølvgarden, kor kyrkjeverje Ingunn Nordmo Sagland hadde samla sine samarbeidspartnarar, mellom anna frå kommune og frilviljug sektor, til eit treffpunkt der ein fekk synt fram kven som er med på å gjere kyrkja sitt arbeid mogleg i Valle og Hylestad sokn.

Delegasjonen drog vidare til Valle bygdeheim og Bykleheimen der diakon Åse Gudrun Thortveit haldt andakt, som me pleier å ha regelbunden på dei to sjukeheimane våre. Ei hyggeleg stund saman med dei som bur på heimane, og dei som vitjer dagsentra.

Etter andaktane opna Bykle kyrkje for dei som ynskte å kome for å fylgje kong Harald si gravferd på storskjerm. Det vart ei lita forsamling som fekk ta del i den nasjonale hendinga, sjølv om det er langt frå Bykle til domkyrkja i Oslo.

Turen gjekk vidare til Hovden, kor dei frammøtte fekk omvising i ridehallen og i den flotte kafeen som ligg i same bygget. Her vart det servera deilig fiskesuppe til middag.

Ein «lang dags ferd mot natt» vart avslutta med ein musikalsk kveld i Bykle kyrkje. Else Gyro Rysstad var programleiar for «Salmar og song», kor organist Eirik Hodnemyr samarbeida med både Thor Bernard Sagland (song) og Randi Steinsholt (saksofon). Me fekk høyre Bykle songlag under leiing av Pavlina Sikjova, og sjølvsagt òg sang me mange fellessongar som Else Gyro hadde vald for kvelden. Anne Margrete Bjåen las dikt, og me fekk falde hendene medan diakonen vår framsa Frans av Assisis bøn. Ein stor takk til alle som bidrog for å gjere dette til eit av høgdepunkta i visitasveka.

 

Biskopen kom attende

Biskop Stein Reinertsen køyrde heile natta for å nå attende til Hovden, og programmet som venta på torsdagen. Dagen byrja som dagen før med kyrkjeverja si frukost, denne gongen på Hovdestøylen, før delegasjonen møtte ordføraren i Bykle for ein prat om forhaldet mellom kommunen og kyrkja.

Vidare gjekk turen til Fjellgardane barneskule, Hovden skigymnas og Gjenbruksbutikken. Hovden er ein spanande og mangfaldig stad, der mange forskjellige verksemder har vekse fram.

 

På biletet (f.v): sokneprest Toralv Frøysaa Lie, biskop Stein Reinertsen, nestleiar i Bykle sokneråd Bernt Einar Berntsen, Bykle-ordførar Hans Blattmann, kyrkjeverje Ina Kjøstvedt, prost Rune Stormark og kommunen sin representant i soknerådet Thor Bernard Sagland.

«Ung kyrkje» er eit nytt tiltak som er starta i Fjellgardane kyrkje. Dette er ein sosial samlingsplass for alle ungdommar. Denne gongen hadde Sille Kjøstvedt ein fin andakt, og biskopen vart pepra av spørsmål frå ungdommane. Bønevandring, song og pizza gjorde stunda komplett.

Etter samlinga drog delegasjonen vidare til Hovden fjellbad, kor Torvald Gautland gav biskopen og hans følgje omvising i det flotte badeanlegget. Biskopen vonar dette vert flittig nytta.

 

Visitasgudsteneste og kyrkjekaffi

Sundag, 13. september kl. 11:00 ringa kyrkjeklokkene i Valle inn til gudsteneste. Det var ei stor feiring av det kyrkjelege arbeidet i Bykle, Valle og Hylestad. Konfirmantane i begge sokna vart presentert. Me fekk nydeleg song av Sigrid B. Berg, Silje Høgevold, samt flott felespel av både Stina Brandin Hovet og Anna Slaby Driel, saman med organisten Eirik Hodnemyr. Biskopen preika, og det var nattverd i gudstenesta, som vart krona med ei ganske så fullsett Valle kyrkje.

 

På biletet: soknerådsleiarane, Torstein Bjørgum og Else Gyro Rysstad, takkar for ei flott veke i lag med biskopen på visitas.

Etter gudstenesta vart visitasen formelt avslutta med kyrkjekaffi på det nye Valle kultursenter. Her hadde ein rigga til med bord og stolar, og bygdekvinnelaget i Valle servera ei kjempegod setesdalssuppe, så alle vart gode og mette. Her fekk biskopen høyre nydeleg song av Synne Viki og Inger Lise Stulien, akkompagnert av eit band leidd av kyrkja sin organist. Soknerådsleiarane Torstein Bjørgum og Else Gyro Rysstad, høvesvis frå Valle og Hylestad og Bykle, kunne gje delegasjonen flotte gåver, både saueskin og gåver av meir litterær karakter. Det var eit verdig utropsteikn for ei vellukka visitasveke, som har inspirert til å samle oss om kyrkja sitt oppdrag i lokalsamfunna våre.


Les biskop Stein Reinertsen sitt visitasføredrag her.

Tilbake