I ei urolig verd er det godt å kome saman i kyrkja for å be.
Det er godt å vera stille og venta på hjelp frå Herren.
- Klagesangene 3,26
Desse bønesamlingane starta i 2025, og rullerar mellom alle kyrkjene i Bykle, Valle og Hylestad. Det er samling ei gong i månaden, tysdag kl. 18:00. Her samlast me til ein kort stund med song, bøn, tekstlesing, stille og ro. Man kan tenne ljos, skrive bønelappar eller bare sitte i ro og nyte ei stille stund i kyrkjebenken.
Samlingane vert leia av prostidiakon Åse Gudrun Thortveit og organist Eirik Hodnemyr deltek.