Bykle, Valle og Hylestad > Kontakt > Artikler > Artikkeldetaljer


Ledig stilling 100% som kyrkjeverje og kyrkjelydsarbeidar/ trusopplærar i Bykle sokn


Er du vår nye kyrkjeverje? 

Bykle kommune

Bykle kommune har kring 1000 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 19 mil til Kristiansand, 18 mil til Stavanger (sommar) og 30 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er Bykle, medan Hovden er eit godt utbygd turistsenter. Barnehagen, skulen og SFO er godt utbygd. Vi har òg vidaregåande skule. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter, med mellom anna godt utbygde anlegg i vintersportssenteret Hovden.

 

Kyrkjeverje og kyrkjelydsarbeidar/ trusopplærar i 100% 

i Bykle sokn. Vi treng ein som kan administrere og profilere kyrkja sitt arbeid i Bykle.  Soknegrensene er samanfallande med kommunegrensene, ein såkalla eit-sokns kommune der soknerådet også har fellesrådsansvar.

Kyrkjeverja og kyrkjelydsarbeidaren/trusopplærar vil ha sakshandsamaransvaret for alle slags saker for soknerådet. Av fellesrådsoppgåver og ansvar kan det nemnast økonomi, personal, kyrkjebygg og kyrkjegardar.

Når det gjeld soknerådsoppgåver er ein involvert i trusopplæring, misjonsprosjekt, gudstenester og ein del anna.

Viktige oppgåver er planlegging, tilrettelegging, PR/informasjonsflyt og samhandling.

Stillinga er kombinert med ca. 60% vekting av kyrkjeverjebiten (fellesrådsoppgåver) og ca. 40% som kyrkjelydsarbeidar/trusopplærar. Det er eit nært samarbeid med nabosoknet Valle og Hylestad. Vi har felles stabsmøte.

Dei to sokna deler ei full soknepreststilling. Organisten er tilsett 50% i Bykle sokn og 50% i Valle og Hylestad sokn. Soknet samarbeider med Valle og Hylestad og Bygland om ei stilling som prostidiakon i 50%.

Bykle sokn har to kyrkjetenarar. Øvrige praktiske oppgåver utfører kommunalt tilsette i samsvar med ein tenesteytingsavtale.

 

Kyrkjeverja har kontor på Bykle rådhus. Det praktiske ved kontordrifta er godt tilrettelagt. Kyrkjeverja har ansvaret for tre kyrkjer: Fjellgardane kyrkje (1957), Bykle gamle kyrkje (1620) og Bykle kyrkje (2004). Kyrkjene er i god stand.

Kyrkjeverja har ansvaret for to kyrkjegardar.

Det nyttast normalt byrå ved gravferder (om lag seks i året). Kyrkjeverja er involvert i arbeidet rundt gravferd og gjer kyrkjetenaroppgåvene ved dei fleste gravferdene.

Stillingsomtale for kyrkjeverje og kyrkjelydsarbeider er under revisjon.

Men vi ønskjer kyrkjeverje med:

  • Engasjement og gode samarbeidsevner.
  • Leiarevner og evne til sjølvstendig, ryddig og systematisk arbeid.
  • Kompetanse på høgskulenivå.
  • Praksis frå kyrkjeleg eller anna offentleg forvaltning.
  • God kjennskap til IT-verktøy

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Arbeidstakar må ha førarkort kl.B og disponere bil.

Det er eit krav at kyrkjeverja er medlem i Den norske kyrkja, og sluttar seg til trusgrunnlaget i denne.

 

Vi kan tilby:

  • Løn etter avtale.
  • Godtgjersler etter statens satsar.
  • Fleksibel arbeidstid (37,5 timars arbeidsveke).
  • Godt tilrettelagt arbeidsplass og rom for personleg utvikling.
  • Gode forsikringar og pensjonsordning gjennom KLP

 

Soknerådet er medlem i KA, og følgjer avtaler framforhandla av organisasjonen.

 

Meir informasjon? Kontakt oss:

Soknerådsleiar Else Gyro Rysstad, mobil 41917828, elsegyro@yahoo.no

 

Nestleiar Bernt Einar Berntsen, mobil 91303279, bernteinarb@gmail.com

 

Søknad med vitnemål, attestar og referansar sendast til post@bykle.kyrkja.no

eller til Bykle sokneråd, Rådhuset, Sarvsvegen 14, 4754 Bykle.

 

Søknaden må vere oss i hende innan 29.5.2025

Tilbake