Litt sommar-info 2020


Her er samla litt info om kva som skjer no i sommar.

 

OPNE KYRKJER

Denne sommaren er det berre Bykle gamle kyrkje som vil vere ope for besøk. Kyrkja er ope kvar dag frå kl 11-17 fram til 15. august. Setesdalsmuseet har omvisar til stade og kvar måndag og onsdag vil Vetle Tveiten Hoslemo kvede kl 13.00.

Diverre vil kyrkjene Hylestad, Valle, Bykle og Fjellgardane ikkje vere opne for besøk pga koronavirus og reinhald i samband med smittevern denne sommaren. Vi håper det blir annleis neste sommar!

 

VATNING PÅ KYRKJEGARDANE I VALLE OG HYLESTAD

Som mange har fått med seg så vil ikkje Valle kommune ta på seg å vatne kyrkjegardane pga at vatningsanlegget kan forstyrre drikkevatnet i kommunen. Soknerådet i Valle og Hylsestad har funne ei løysing med å engasjere nokon som vatnar manuelt på båe kyrkjegardane. Dette ser ut til å fungere veldig greitt i sommar.

 

ARRANGEMENT I KYRKJENE

Det er gudsteneste sundag 19. juli i Valle kyrkje kl 11 og i Bykle kyrkje kl 19 ved prost Gunnar Ellingsen. Sundag 9. august er det friluftsgudsteneste for båe sokna på den gamle lensmannsgarden Tveitetunet i Valle kl 12.

I sommar er konsertane samla i ein ny festival, Klassisk i Setesdal i helga 13. - 16. august. Sjå eigen artikkel på framsida og eigen side på facebook, Klassisk i Setesdal

 

SÅ ØNSKER VI ALLE EI VELSIGNA GOD SOMMAR!

Tilbake