Ledig stilling som kyrkjelydssekretær/admini-strasjonsleiar


Vil du vere med å utvikle kyrkjeadministrasjonen og bli del av ein framtidsretta kyrkjestab i Øvre Setesdal?

 

LEDIG STILLING
Kyrkjelydssekretær/administrasjonsleiar 100 %
1-års prosjektstilling med moglegheit for forlenging

Bykle kyrkjelege fellesråd/Valle og Hylestad kyrkjelege fellesråd

Arbeidsstad: BYKLE/VALLE
Jobbtype: 100 % prosjektstilling, moglegheit for forlenging 
Ledig frå: snarast
Søknadsfrist: 28.april 2022

 

Me søkjer etter ein administrativ ressurs som løyser dei faste sekretær- og rapporteringsoppgåvene på kyrkjekontora. Du vil ha ansvar for å planlegge, koordinere og utvikle administrasjonen.

Stillinga er delt 50/50 mellom Bykle og Valle, og arbeidsoppgåvene som skal utførast for båe fellesråd vil vere ganske like. Du vil rapportere til, og arbeide tett saman med kyrkjeverje i Bykle og kyrkjesjef i Valle.   

 

Stillinga lysast ut som ei prosjektstilling, men det vil vere gode moglegheiter for forlenging for rette person. Organisering av kyrkja regionalt og lokalt vil endre seg i tida framover, og du vil bli ein sentral del av ein framtidsretta stab i kyrkja i Øvre Setesdal.

 

Staben har kontorfellesskap i Bykle og Valle. Det er tilsett sokneprest, kyrkjeverjer/kyrkjelydsarbeidarar, og kyrkjetenarar. Det leigast for tida inn organisttenester. Tenesteytingsavtale med båe kommunar.

 

Det er fem kyrkjer fordelt på dei to sokna.

 

Arbeidsoppgåver

  • Rapportering (SSB, trusopplæring osv.)
  • Føring av opplysningar i samband med gravlegging og fakturering av festeavgifter
  • Utarbeiding av møtedokument til sokneråd, i samråd med kyrkjeverjer. Felles møteplan for dei to sokneråda, slik at saksdokument i størst mogleg grad lagast like.
  • Ajourføring av kyrkjeregister
  • Utsending av brev og invitasjonar
  • Sikre at post, e-post, sakshandsaming og arkiv ivaretakast, herunder innføring av nytt sakshandsamings- og arkivsystem
  • Sørgje for at kyrkja sitt servicetilbod til publikum ivaretakast, fornyast og utviklast
  • Informere om aktivitet gjennom nettsider, Facebook, Setesdølen, Byklaren/Bygdenytt
  • Bidra aktivt i arbeidet med kontinuerleg forbetring og effektivisering av administrative prosessar
  • Samarbeide med kommunen
  • Andre arbeidsoppgåver kan verte tillagt

 Kvalifikasjonar

  • Relevant høgere utdanning, minimum på bachelornivå
  • Erfaring frå administrativt arbeid i kommune, kyrkje eller næringsliv – leiarerfaring vil telje positivt
  • Ha gode Office-kunnskapar, stor interesse for og evne til å lære seg kyrkja sine data- og fagsystem
  • Ha gjennomføringsevne gjennom delegering og samarbeid
  • Må kunne planlegge, organisere og prioritere i ein hektisk arbeidssituasjon
  • Må beherske nynorsk skriftleg og ha svært god skriftleg framstillingsevne 
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
  • Erfaring og realkompetanse kan kompensere for formelle krav

 

 

Personlege eigenskapar

  • Du er serviceinnstilt, fleksibel og imøtekomande
  • Du er strukturert og kvalitetsmedveten
  • Du er sjølvgåande, men likar å arbeide i lag med andre
  • Du likar å lære, og har teknisk forståing som gjer det lett for deg å lære deg nye datasystem
  • Du har stor arbeidskapasitet
  • Du har evne til nytenking og sjå moglegheiter for å gjere ting smartare og raskare

 

Me tilbyr

  • Eit fagleg miljø i utvikling
  • Lønn etter avtale, i henhold til kompetanse og Hovudtariffavtalen for Den norske kyrkja
  • Medlemskap i KLP
  • Tilbod om kurs innan aktuelle fagområde
  • Fleksibel arbeidstid

Anna

  • Gyldig politiattest og medlemskap i Den norske kyrkja må framleggast ved tilsetjing
  • Innimellom kan ettermiddag/ kveldsarbeid bli aktuelt, men i all hovudsak arbeid på dagtid
  • Les meir om verksemda vår på www.bykle.kyrkja.no

 

Kortfatta søknad med CV og referansar sendast til

post@valle.kyrkja.no eller post@bykle.kyrkja.no innan 28.april.

 

Spørsmål om stillinga rettast til

Kyrkjeverje i Bykle, Tor Hallvard Mosdøl, tlf 99298390

Kyrkjesjef i Valle, Sissa Ringstad, tlf 97784706

Tilbake