Engasjer deg

Ynskjer du å bidra i arbeidet i kyrkja i Fjellgardane, Bykle, Valle eller Hylestad?

Alle som bidreg er med på å «så, plante og vatne» arbeidet, slik at Guds rike får vakse. Gud gjev vekst.

Kvifor ha teneste i kyrkjelyden?

• Medverknad – me driv kyrkjelyd saman som læresveinar
• Bruke gåvene Gud har gjeve deg
• Beste måten å bli kjent med andre i kyrkjelyden

 

Her er rom for deg som har litt tid, meir tid og mykje tid.

Send e-post til post@bykle.kyrkja.no eller snakk med ein av oss som jobbar i kyrkja, så finn me ei teneste du kan trivast med. Det kan vere teneste i regi av kyrkja, eller så set me deg i kontakt med ein organisasjon eller eit lag.

 

Område der det trengst frivillige:

  • Husgruppe/husansvarleg, som held styr påinventar og kjøkken i kyrkjene.
  • Lage mat og andre praktiske oppgåver på «Lys vaken», arrangement for 6.klassingar
  • Lage mat og andre praktiske oppgåver på «Tårnagentdag», arrangement for 3.klassingar
  • Lage kyrkjekaffi til samvær etter gudstenester
  • Vere kyrkjevert i samband med gudstenester
  • Bidra til gudsteneste. Lese tekst, ha musikalsk innslag, styre lydanlegg eller noko anna 
  • Vere ein del av «Ressursgruppa». Dette vil seie at du kan setje deg på ei liste, med noko du kan/noko du har, som kan vere aktuelt å bruke i samband med arrangement. Du har ein båt, ein buss eller du har kanskje lys til å hjelpe til ved enkelte arrangement?
  • Bønegrupe. Me set stor pris på forbøn! Kan du be for arbeidet som skjer i kyrkjelyden?
  • Sundagsskuleleiarar; Fjellgardane sundagsskule, Bykle sundagsskule eller Valle sundagsskule
  • Speidarleiarar til Bykle KFUK-KFUM
  • Hjelpeleiarar på konfirmantleir
  • Hjelpeleiarar ved konfirmantundervisning
  • Hjelpeleiarar i barnekor
  • Setje i gong middagsfellesskap for alle, i Bykle kyrkjekjellar eller Fjellgardane kyrkje

 

Har du noko anna du vil bidra med,ta kontakt. Det er alltid behov og oppgåver i Guds rike!