Bykle og Fjellgardane barnekor
Bykle og Fjellgardane barnekor
Barnekoret saman med Seven-jentene hausten 2013 

Bykle og Fjellgardane barnekor har ein kristen føremålsparagraf. Koret har sitt eige styre og eigne vedtekter.
Bykle sokneråd har ein representant i styret. Dirgent for koret er løna av Bykle kommune.   

Bykle og Fjellgardane barnekor deltek på gudstenester, kulturskulearrangement og arrangement i kyrkjene eller andre stader. 

Barnekoret syng også på Bykle aldersheim frå tid til anna. Elles har koret ein del sosialt opplegg for medlemene, og som regel ein tur i året.

Bykle og Fjellgardane barnekor øver ei gong i veka. Ein kan byrje i barnekoret når ein går i 1.klasse. 

Bjørg Sissel Tveiten er dirigent for barnekoret. 

Viss du har lyst til å bli med, kan du ta kontakt med kulturskulen, Bykle kommune. 

Vedtektene finn du her.