Gravferd
Gravferd
Dette er ei rettleiing for etterletne ved dødsfall. 

Etter eit dødsfall

I Bykle/Hovden og Valle/Hylestad er det vanleg at etterletne sjølv tek seg av det praktiske rundt dødsfall. Kyrkja, alders- og sjukeheim og lensmannskontor bistår også. Ved dødsfall på alders- og sjukeheim steller dei tilsette der den døde. Etterletne kan vere med å stelle den døde. Ved dødsfall i heimen kan det vere greit å ha ein dialog ifht kven som skal stelle. Ofte er pleie- og hjelpetenesta involvert. Gravferdsbyrå kan og bistå. Den døde kan bli stelt heime eller i bårerom ved kyrkja.   

 

Uansett trengst transport til bårerom. Evje og Vennesla begravelsesbyrå kan bistå med transport og å søkje NAV om transportstøtte (eigenandel ca 2300 kroner, i 2014). 

 

Ved dødsfall på alders- og sjukeheim melder tilsette der dødsfall til  lensmannskontor. Lege som konstaterer dødsfall kontaktar lensmann, skriv dødsattest og sender den til rette vedkomande.

 

Alders- og sjukeheim avtalar med etterletne kven som kontaktar prest ifht gravferd og anna. Alders-og sjukeheim avtalar eventuell minnestund på institusjon (etterletne får melding om tidspunkt).     

 

Prest varslar kyrkjeverje, som tilviser gravplass på kyrkjegard. Bykle kommune syrgjer for innmåling og graving av grav (tenesteytingsavtale). Etterletne og prest/kyrkjeverje fyller saman ut skjemaet "Krav om gravlegging/kremasjon" som dokumenterer kven som er ansvarleg for gravferd og er festar for grav. 

 

Eventuell syning av den døde før gravferda kan avtalast med kyrkjeverja. 

 

Gjeremål for etterletne

  • Dødsannonse i aktuelle aviser. Namn på avdøde og næraste familie, evt eit vers/dikt/minneord, i tillegg til dato og stad for dødsfall. Tid og stad for gravferd, om gravferd blir avslutta ved grava eller om det er minnestund etterpå. Eventuelt ynskje om gåve til eit spesielt formål i staden for blomar/kransar. 
  • Kransar. Dei som tingast hjå lokal leverandør, vert levert i kyrkja kvelden før eller gravferdsdagen. Andre kransar og blomar kan leggjast i kyrkja siste timen før gravferda. Pårørande legg kransar slik dei ynskjer. Ofte ligg ein krans på kista og resterande nedover midtgongen/på sidene. 
  • Det er vanleg at pårørande les opp helsing på kransane (ein held kransen og ein anna les). Når båra berast ut tek familie/andre i kyrkja med kransane til grava. Det hender at etterletne syter for blomar til altaret, men dette er ikkje naudsynt. 
  • Songark/program for gravferda. Det er vanleg at ein eller to etterletne deler ut program i døra. Salmer avtalast med presten (ofte ein før talen, ein etter og ein ved grava). Salme ved grava delast i to, eit vers før jordpåkasting og eit etter.
  • Båreberarar. Seks av dei næraste plar vere båreberarar. Desse møter ved kyrkja 1,5 time før gravferda, dersom ikkje anna er avtalt.

 Vanleg gong for gravferd

  • Helsing ved prest
  • Salme
  • Minneord
  • Tale
  • Kranspålegging
  • Salme
  • Utgong
  • Salme, del 1
  • Jordpåkasting og senking av båre
  • Salme, del 2

Dersom familien har særskilde ynskje, kan dette avtalast med prest. Dette kan vere solosong, diktlesing, "Bøna om Himmelen" eller anna. Kyrkjetenar syrgjer for tenning av ljos på båre og ljosglobe. Kyrkjetenaren er til stade i kyrkja 1,5 time før gravferda. Av og til held familien minnestund etter gravferda. 

 

Ansvar for gravferd

Den som har fylt 18 år, kan i skriftleg erklæring fastsetje kven som skal ha rett til å sørgje for gravferda. Erklæringa skal vere underskriven og datert.

Dersom det ikkje føreligg erklæring som nemnd i fyrste ledd, har avdøde sine næraste over 18 år i fylgjande rekkefylgje rett til å besørgje gravferda: ektefelle, born, foreldre, borneborn, besteforeldre, sysken, sysken sine born og foreldre sine sysken.

 

Du kan lese meir om gravferd her

Heile gravferdslova finn du her
Lokale kyrkjegardsvedtekter for Bykle sokn finn du her.  
Lokale kyrkjegardsvedtekter for Valle og Hylestad sokn finn du her. 


Kostnader (2014)

Frakt av båre til bårehuset (ca 2300 kr i eigenandel, faktura frå gravferdsbyrå)

Kiste (ca 5300 kr)

Gravferd for utanbygdsbuande (1500 kr)

Dødsannonse, kransar, songark/program